onsdag 29. september 2010

fylletanke er lik tankefyll

WC-en er ein fabrikk.
Som lagar barn?

teikn

ein tommel som snurrar ringen på ringfingeren frå innsida av handa.
eit dikt, ein setning, som ho bestemte seg for å ikkje poste.

with
him
i
am
alone

ho klarte aldri å setje verken komma eller punktum.

tirsdag 14. september 2010

Forstå.

- Verstehen Sie Deutsch?
- Ja, ein bisschen.
- Ach so! Aber gut! Bla bla bla blabla
blablabla bla?

torsdag 2. september 2010

Lukt

Eg brukte å jobbe med å selgje frukt og grønt. På torget. Økologisk. EG ville stå opp tidleg, sette ut kassene, ein etter ein. Mango. Banan. Jordbær.

Eg ville smile til alle som gjekk forbi. Vite at dama med parykken skulle ha tre poteter, og kanskje eit eple. Eg ville vite kva tid mangoen var moden nok for mannen på hjørnet. Eg ville sei til turistane at det var der dei kunne kjøpe dei beste bringebæra.

Eg hugsar dei alle, men mest av alt hugsar eg lukten, av reine råvarer, av gode smakar.

Eg kom på det heile på torget i Berlin. Der var luktane att. Mango. Banan. Jordbær. Og eg fekk sørvissmilet på plass.

Motto

Eg lærte noko, av ei som ei eg kjenner, kjenner.
Denne jenta kjenner ei som har eit motto.
Det var det eg lærte.

"I'm a strong, independent, young woman, and I don't need a man to define me."

Ja.
Eg er vel kanskje sterk.
Kanskje uavhengig.
Ung, ja for all del.

Men eg treng ein mann.

Definering, altså.
Kva det vil sei, har ikkje eg tenkt å ha ein definisjon på.
Det viktigaste er vel at eg er meg sjølv.

Ta det til dykk de som vil.
Mottoet altså.

Halde Frokus

Me må ha FROKUS,
sa du.
For å halde fokus?
Spurte eg.
Mat,
sa du og flirte.

Så at me morgenmat.

(ein/to)samheit

Stor mann.
Ingen
som kan smøre
ryggen hans.
Han stabbar
seg ned
til stranda,
frå plassen han sit.
Nyt kjensla
av salt vatn
mot kroppen.
Stabbar seg opp att.
Set seg, svett,
ned att.
Pustar tungt, smiler.
Han prøver å smøre ryggen,
men kjem ikkje til på midten.

Eg og guten min.
Me har Jeep,
og han smiler til meg
når vinden flagrar i håret.
Han smører ryggen min,
dersom eg spør.
Eg er heldig.

Me nyt alle livet,
eg nyt det med han.

Rutine

Ei dame,
hjulbeint, med sekk og lilla kjole som går nedafor knea.
Stoppar opp, på veg ned til stranda, åleine.
Luktar på ein blom halvparten så stor som hennar eige ansikt.
Tuslar vidare.

Eg drikk kaffi på balkongen.

Ny dag,
dama går igjen ned mot stranda, åleine.
Stoppar på same stad.
Denne gongen føl augo hennar to sommarfuglar som flyr forbi.
Ho føl dei, heile vegen medan dei flyr, føl ein ny tilbake.
Tek eit åndedrag, tuslar vidare.

Eg drikk kaffi på balkongen.