torsdag 30. juni 2011

sukker

sukker i te
nei, ikkje det
eg drikk han rein
eg var for sein
du sa ops
fylte på med sukkerbit
eg tok drops
og sa send den hit

saklig

saken ligg
i grenseland
til å vera saklig
den er heilt på
grensa

sykkel

skal du sykla
sa du
siklande

eg syklar alt
sa eg
syklande

eg sikla på deg
men eg
sykla frå deg

du sykla etter
og me
sikla saman

Mykje å gjere - lite lyst

du?
forstyrrar eg?
Ikkje det nei.

eg?
kva eg gjer?
Ingenting.

oss?
Finne på noko?
eg må nett..

du?
forstyrrar eg?
eg kjedar meg.