mandag 29. mars 2010

heimatte

dei spør meg kva utdanning eg går på.
eg svarar at eg går journalistikk.
dei spør om det er det eg vil bli.
eg svarar ja. (og veit eg vil lage film.)

Men, når eg sit på opninga av Vossa Jazz, så tenkjer eg. Jøss, tenk å åpne festivalen då. Tenk å komme der og sei, velkommen til Vossa Jazz, slik som Frode Grytten gjorde i år. Han er journalist han og.

eg tenkjer på kva utdanning eg går på.
og så tenkjer at det er kanskje det eg vil bli.
journalistar får jo lov å opne festivalar.

fredag 19. mars 2010

sjølvtillitsfilosofi i kvardagen på chat

han:
jeg veit. du hjelper veldig på selvtillitten Kari
meg:
sjølvtilitt er oppskrytt
han:
den er ny
meg:
jepp
den er det
det er ingen som har det.
alle berre latar som.
og så er det feedback frå andre som gjer at du føler deg bra.
så sjølvtillit går eigentleg berre ut på det du trur andre meiner om deg.

Magisk

Nokon ting er magiske, og nei, eg snakkar ikkje om "magic mouse", eller dei som lurer deg til å tru at dei tryllar fram ein kanin eller noko. Nei, nokon ting er magiske, augneblikka altså. Av og til vil eg eigentleg sette meg ned og grine, berre for at eg har det så utruleg bra. Denne sida er magisk: youtubemusikk .
Nyt den. Og god fredag.

søndag 14. mars 2010

godtone

Tonane stryk meg forsiktig slik at eg, utan å ville det sjølv, pressar fram eit glis utan like. Eg klarar ikkje sitje i ro. Det rykkjer i både skuldrer og rokkefoten.

Verda hadde vorre forferdeleg utan musikken, det er eg heilt sikker på, sa du.

Du er like glad i musikk som meg, kanskje endå meir til og med. Eg eig ikkje eit einaste instrument. Det gjer du, mange.

Tonane stryk meg slik at eg pressar fram eit glis. Det er du som spelar.

lørdag 13. mars 2010

Sundag på ein laurdag

Eg sit i godstolen, den frå 70-tallet. Den er grå, og litt sånn ruglete.
Den liknar den eg har heima hjå mamma, den svarte frå ikea, berre at denne ikkje er svart. Og så er den ikkje frå ikea. Ruglete er den og, den frå ikea er glatt.
Men eg sit i denne stolen no. Den er god, men eigentleg ikkje meir enn heilt ok.

Eg drikk kaffi, type presskannekaffi, av ein gulgrøn kopp med ei grøn vannrett stripe, og ei brun. Stavanger flint har helde seg bra, og det lenge. Eg har arva settet av pappa, som igjen hadde fått det av besta. Tredje generasjons servise. Hurra. Men det fungerer godt.

Eg tek opp Dag og Tid. Det er ei god avis, av typen nynorsk. Eg les ei sak, ser på bileta. Pappa har skaffa meg abonnement. Det er kult. Eg kjøper jo ikkje aviser sjølv. Og så ser eg ikkje fjernsyn.

Eg set på ein vinyl. Skurringa og knitringa har sin sjarm. Eg tek meg ein til slurk med kaffi. Eg ser ut vindauget, rett ut på rotsethornet. Det har snøa, rett og slett lava ned. Varmeovnen på rommet mitt er øydelagt, trur eg. Den er iallfall ikkje varm.

Eg sit i godstolen med knitring frå vinylspelaren i bakgrunnen. Eg drikk kaffi og les avis. Tidelibom og hutte meg tu.

tirsdag 9. mars 2010

opp, og ned

det gjekk opp
no går det ned
eg veit ikkje om
eg er klar for å gå
opp igjen

fredag 5. mars 2010

alarm

ingen kan ta livsgnisten din
den er din
det finst berre
folk som kan la den bli
større
så stor som eit bål
då må du berre passe på
så du ikkje overtenner
for då kjem brannmannen

evig

hugsar du meg
når eg ikkje er
der
spurte du
sjølvsagt svara eg
du er der
jo
alltid

lett



Av og til
er gode råd
dyre
har eg høyrt
keep it simple

kompliment

av og til
er du
ein fin liten
forbanna jævel
åh kor glad
eg er
i deg

fri som fuglen

eg sit
men vil eigentleg gå
eg sit
fordi eg føler eg må
eg sit

det er fredag og
eg sit

vil eigentleg gå

eg sit
det er så altfor mykje å nå