søndag 29. mai 2011

only these moments

Take me now
take me as you like me
like me
just take
cause I will be gone tomorrow

Enjoy me now
laugh with me as you know-how
like it
just enjoy
cause I will be gone tomorrow

Stay here now
and notice this moment that you live
take it
enjoy, just
cause I will be gone tomorrow

tirsdag 10. mai 2011

menn og kvinner

menn med hatt
kvinner med katt

samlar på sitt
vil ha - "Mitt!"

meining i livet
med eller utan
eg vassar i sivet

klikk

du klikka
det var feil

du klikka igjen
feil igjen

no dobbelklikka du

samtalar

du seier
du vil

du spør ikkje
eg spør

du seier at sjølvsagt
vil du ha meg med

.

eg seier eg har lyst
og spør om du har lyst

eg spør om me skal
du svarar

du seier at eg kan
eg seier eg vil at me skal

stråle

i dag er ein sånn dag
der eg ville
sortert cd-ar alfabetisk
og dvd-ar etter type film

i dag er ein sånn dag
der eg ville
baka kaker og brød
så lenge disken var rein nok

i dag er ein sånn dag
eg ikkje gjer
noko i det heile teke
når eg burde gjort alt eg skulle
alt eg kunne

i dag er ein sånn dag
der eg sit på eit rom i eit utland
og veit eg er meg
men gjer ikkje det eg vanlegvis ville

i dag er ein sånn dag
der eg kan nyte
og eksistere
sjølv om tinga ikkje er rundt meg
sjølv om eg er blakk

eg har livet
sola skin

rydde

eg ryddar.
i sminkeskuffen.
ryddar klesskapet.
ryddar tankar.

sorterer. utan å prøve.
prøver ikkje på.
sorterer bort. legg ting på plass.

eg ryddar.
men tanken rotar alt til.
om att.