fredag 24. desember 2010

(ad)vente tid

askepott
julegodt
vente, vente, vente
alle er spente

lukten av god mat
kaker på kakefat
familie og kos
julebrev med ros

julafta
ferie, ja
vente, vente, vente

men nyte undervegs

torsdag 23. desember 2010

vetla afta

gåvepapir
type grå
band
i papir dei og
knitring
frå papiret
og frå peisen

lutefisk

og så krumkakesteiking

meir vetlejulafta enn det
kan det ikkje bli

søndag 12. desember 2010

positivitet

- eg er positiv, sa du, sjølv om du testa positivt.

glede

eg gler meg
til jol
til ferie
for ein gong-
s skuld

mandariner, neter,
tende teljos,
jolegardiner,
og joletonar på radioen

eg gler meg til jolaferie
eg gler meg til ferie
eg gler meg

Tett i tett

Hald meg,
sa du.
Eg kjem ikkje tett nok,
sa du.
Nærare,
la du til.

Eg heldt deg.
Klemde deg.
Strauk deg.
Men det var aldri
tett
nok.

Svevn

er det ikkje(?/-)
oppskrytt
altså(?/!)

dette med
svevn

treng me det(?/-)
så må me (./-)
vel (..)

define

I define myself by the people I am sorrounded by.

I have the coolest friends in the world.

finfin

du er finingen min
glatt, mjuk, god,
snill.
du bryr deg.
og eg bryr meg om deg.

eg smyg meg glatt mot deg,
mjukt.
eg er god og snill,
med deg.
som ein katt.
og eg får kos
tilbake.

tanken tel

eg tenkjer på deg
eg tel tankar
eg tenkjer om deg
tanken tel

onsdag 17. november 2010

saken

saken
er at
alt går
så lenge
du
vil
det slik

dersom
du vil

at alt

skal bli
slik
det
er


går det
også

hallo

eg er her
eg er
her
er eg

du er der
du er
der
er du

me er her
du er
der
er me

kaldt

eg er glad
men trist
det er vist
mørkt blitt

det er kaldt
og så grått
ingen snø fått
berre mørkt

eg sit inne
men frys
med telys
elles mørkt

eg tenker nei
tar tekoppen min
og musikk type fin
mørkt men betre

kjensle

av og til
vil eg fortelle
berre sei
ja
eg har det
det er derfor
eg er sånn

men eg seier
det
ikkje
iallfall
ikkje
heilt

lørdag 2. oktober 2010

onsdag 29. september 2010

fylletanke er lik tankefyll

WC-en er ein fabrikk.
Som lagar barn?

teikn

ein tommel som snurrar ringen på ringfingeren frå innsida av handa.
eit dikt, ein setning, som ho bestemte seg for å ikkje poste.

with
him
i
am
alone

ho klarte aldri å setje verken komma eller punktum.

tirsdag 14. september 2010

Forstå.

- Verstehen Sie Deutsch?
- Ja, ein bisschen.
- Ach so! Aber gut! Bla bla bla blabla
blablabla bla?

torsdag 2. september 2010

Lukt

Eg brukte å jobbe med å selgje frukt og grønt. På torget. Økologisk. EG ville stå opp tidleg, sette ut kassene, ein etter ein. Mango. Banan. Jordbær.

Eg ville smile til alle som gjekk forbi. Vite at dama med parykken skulle ha tre poteter, og kanskje eit eple. Eg ville vite kva tid mangoen var moden nok for mannen på hjørnet. Eg ville sei til turistane at det var der dei kunne kjøpe dei beste bringebæra.

Eg hugsar dei alle, men mest av alt hugsar eg lukten, av reine råvarer, av gode smakar.

Eg kom på det heile på torget i Berlin. Der var luktane att. Mango. Banan. Jordbær. Og eg fekk sørvissmilet på plass.

Motto

Eg lærte noko, av ei som ei eg kjenner, kjenner.
Denne jenta kjenner ei som har eit motto.
Det var det eg lærte.

"I'm a strong, independent, young woman, and I don't need a man to define me."

Ja.
Eg er vel kanskje sterk.
Kanskje uavhengig.
Ung, ja for all del.

Men eg treng ein mann.

Definering, altså.
Kva det vil sei, har ikkje eg tenkt å ha ein definisjon på.
Det viktigaste er vel at eg er meg sjølv.

Ta det til dykk de som vil.
Mottoet altså.

Halde Frokus

Me må ha FROKUS,
sa du.
For å halde fokus?
Spurte eg.
Mat,
sa du og flirte.

Så at me morgenmat.

(ein/to)samheit

Stor mann.
Ingen
som kan smøre
ryggen hans.
Han stabbar
seg ned
til stranda,
frå plassen han sit.
Nyt kjensla
av salt vatn
mot kroppen.
Stabbar seg opp att.
Set seg, svett,
ned att.
Pustar tungt, smiler.
Han prøver å smøre ryggen,
men kjem ikkje til på midten.

Eg og guten min.
Me har Jeep,
og han smiler til meg
når vinden flagrar i håret.
Han smører ryggen min,
dersom eg spør.
Eg er heldig.

Me nyt alle livet,
eg nyt det med han.

Rutine

Ei dame,
hjulbeint, med sekk og lilla kjole som går nedafor knea.
Stoppar opp, på veg ned til stranda, åleine.
Luktar på ein blom halvparten så stor som hennar eige ansikt.
Tuslar vidare.

Eg drikk kaffi på balkongen.

Ny dag,
dama går igjen ned mot stranda, åleine.
Stoppar på same stad.
Denne gongen føl augo hennar to sommarfuglar som flyr forbi.
Ho føl dei, heile vegen medan dei flyr, føl ein ny tilbake.
Tek eit åndedrag, tuslar vidare.

Eg drikk kaffi på balkongen.

onsdag 18. august 2010

sakn

eg ringte
deg
berre for å
sei
eg sakna deg

du tok ikkje telefonen

tull

eg skriv eit ord og to.
bortover. uten å tenkje.

det er lett.
det er bra.
det er fint.

meditasjon.

avkobling.

forelska

tanken, tom
for anna.
tanken full,
av deg,
og vin.

smilet, breidt,
til deg.
smilet stort,
mot deg,
og vinen, i blodet.

lykkerus,
med deg.
lykkerus,
saman.
og vin, rus.

tidsfordriving nummer åtti

dei andre er i gong
dei studerer
eg treng tidsfordriv
og fordriv tida
med ingenting

eg treng å vera i gang
eg treng å studere
eg treng tidsfordriv
og treng å fordrive tida
med studering

music for my ears

eg høyrer på musikk,
og skulle ynskje
eg kunne skrive.
til deg.
ein song.
for du er
den beste, den einaste
eg tenkjer på.

Bei mir bist du schoen.

fredag 6. august 2010

oppdatering

eg logga meg på
alt
bloggen, face, twitter,
og skype
eg fekk full update
på skype
det andre blei forsømt
men det var litt ok.

full update at skype.

søndag 18. juli 2010

Dei to.

Dei to.
Dei har tvitra.
Triste vers. Om sakn.
Om kvarandre.
Eg har følgd dei på vegen.
Akkurat no er dei på vegen.
Trur eg.

Heimflyttar har teke med seg fråflyttar.

Dei er på veg heim, bort frå byen.

Vil dei fortsatt kvitre,
sjølv om songen er god?

Eg håpar.
Eg håpar.

Eg kryssar fingrar. Tær. Bit tenna saman.
Eg vil følgje dei.

Mat.

Eg åt yogurt.
Den til herr Müller.
Den smaka kirsebær.
Ei bombe av smak.
Ein knüller, på tysk.

Plan. Platter.

Kva seier du
til Kroatsia?

Du spør.

Ja, jo, svarar eg.

Det er berre så lenge
me ikkje møter andre
nordmenn, seier du.

Charter er jo
gøy då? Eller?
Eg ler,
den latteren
der ein veit at alt
er bra. Hjarteleg.
Sjarmerande.
Flørtande.

Viss eg møter nordmenn
vert eg lei meg.
Det verkar
som om du
meiner det.

Så lenge det er
med deg eg skal
dit
så er alt bra,
nordmenn eller ei,
tenkjer eg.

torsdag 8. juli 2010

über alles

Herr Müller
Knüller
Den enorme store
Besser für alle

søndag 20. juni 2010

elsker, elsker ikkje

eg vil fortelje han
at eg tenkjer
på han, at eg
plukkar prestekragar,
og tenkjer
på han, det blei
elsker

onsdag 16. juni 2010

total fridom, iallfall nesten

du kan reise kvar du vil
du har tid til det du vel
du har alle mogelegheitar
viss du har råd

rett og riktig (eller var det rimeleg)

Det er riktig. Det veit ho. Innerst inne. Ho berre veit ikkje om han veit.

Han seier det aldri direkte. Han ER berre veldig direkte, til tider. Direkte avvisande.

Og. Det er ikkje lett å tolke. Det er ikkje lurt å tolke.

Ho veit ikkje om han syns det er riktig.

Men så har det aldri vore naudsynt å ha heilt rett heller for å stå på ein eksamen då.

mandag 14. juni 2010

eit dikt eg fann (og kasta)

eg hadde skriveverkstad her ein gong i haust.
ut av den kom det ein tekst. den postar eg her.

Veit du kva?
Eg får sjå det ingen andre får sjå.
Nar du skiftar,
når du er åleine på rommet,
eller når de er to.
Då er eg der òg,
i vinduet, kikkar på deg.
I trekken er eg,
rett opp og ned,
eg vinkar til deg.
Du ser det ikkje,
legg ikkje merke til meg.
Eg er liksom usynleg,
har nok vore her for lenge.
Eg er her om morgonen òg,
prøver så godt eg kan å ikkje vekke deg.
Lyset trenger igjennom, du vaknar likevel.
Eg vil du skal sova, vera her.
Når du er borte saknar eg deg.
Eg heng jo her, heile dagen, heile tida.
Ventar på å komme til nytte,
for deg.
Eg gruar meg til jul,
for då kjem julegardinene opp.

svikta (på sundagen)

eg skreiv ikkje i går (på sundag)
ja, eg svikta i går (på sundag)
men ikkje heilt, for eg sat (på sundagen)
framføre skjermen (fordi det var sundag?)

eg skreiv, tok vekk, og prøvde att,
men eg svikta viljen og la meg att.

endre det ytre

av og til
er det å endre
det ytre det
som skal til
for at det indre
skal få det bra

i det minste ser det ut
som om det heile er
bra, iallfall
på det ytre

torsdag 10. juni 2010

Draum om Island?

Eg hadde ein draum om ein vulkan. Det kom lava opp av den.

Og det var ei gammel dame der, som sa at det var historisk at det var eit vulkanutbrudd på så lav høgde. Ho sa det burde vore skrive i bøkene, og ho sa det svakt. Dei andre såg på lavaen, og eg kunne sjå konturane av dei, som skuggar mot det raudglødande.

Dama med det rynkete ansiktet var fortsatt oppteken av at dei som kom etter skulle få lese om vulkanutbrot, på lav høgde, i bøkene. Eg trur ho hadde vore lærar.

tirsdag 8. juni 2010

naboar

Nokon gongar syng han høgt for seg sjølv. Ikkje i dusjen slik som mange andre gjer. Han syng mest for seg sjølv, på rommet, der han trur ingen høyrer.

Eg bur i etasjen over. Eg høyrer han kvar dag.


Ein dag skal eg syngje med.

tanketur

Ho hadde site der i ein halvtime, heilt i ro, og berre tenkt. Augo stirte ut i lufta, og handa dekte munnen, som om ho var i sjokk, noko ho kanskje var. Det heile hadde gått fort, som i eit racerbil-løp. I sånne løp er det lett å krasje, men som regel er sjåførane proffe, så det går bra. Som regel, men jo, ting hadde gått litt fort, og no sat ho heilt i ro og tenkte. Kroppen bevega seg ikkje i det heile, men den vart forflytta likevel. Ho sat på toget, og tenkte, som om ho var i sjokk.

Det var mange i togvogna, og ho kjente ingen. Ho sat og tenkte, som om ho var i sjokk, og ingen spurte om det gjekk bra med ho.

lørdag 22. mai 2010

Lese/skrive-vanskar

Eg har vanskar med å lese
til eksamen.
Eg prøver å skrive noko
for å ha pause,
men merkar at eg får sperre
der og,
så eg tek ein pause
med å lese
til eksamen.

søndag 16. mai 2010

Skue

Ho sit i graset. Har på seg ein litt gjennomsiktig kjole, ein gul ein ho fann på loftet til mormora. Ho elskar å leite mellom alle desse gamle tinga. Ho elskar å finne skattar. Kjolen er ingen skatt, men ho likar den, for den passar akkurat ikkje. Den er berre akkurat litt for stor. Skattar kan vera mykje rart. Kjolen er ingen skatt, men ein gong fann ho ein snurrebass på eit loppemarked. Den var tyrkis med gule prikkar, og når ho snurra den så vart det grøne striper over heile. Ho kjøpte den aldri. Men den var fin. Der og då var den fin. Der og då var det ein skatt.

Graset stikk opp mellom dei bare føtene hennar. Ho sit heilt i ro, og skuar. Ho skuar utover, bortover, nedover. Ho ser og ser. Det er sommar, og varmt ute. Inne i husa er det skugge og det er som regel godt å komme inn etter ein lang dag ute i sterkt lys og varm luft. Ho likar seg best ute.

Ein katt kjem bort og set seg ved sida av henne, stryk seg mot handa hennar. Ho gjer ingenting. Det er berre katten som stryk. Han mel og. Til slutt vert han lei og legg seg ned i graset, kikkar opp på jenta. Ho skuar.

Fuglane kvitrar og jenta sit i graset. Dagen er varm og snart må ho inn i huset.

Riktig

Eg fortalte han alt. At eg hadde tenkt mykje på det. At eg no hadde bestemt meg. Eg fortalte han det. Han høyrde på. Eg snakka om kor viktig akkurat dette var for meg, og at det var det einaste riktige akkurat no, for meg. Han nikka og såg ut som han forsto. Eg snakka lenge, fekk våte augo, og prata vidare. Eg fortalte han alt. Det var det som var det riktige.

Eg gjekk frå han der. Han nikka og smilte. Rett før eg runda hjørnet, tok eg eit blikk over skuldra og inn ruta på kafeen. Han gnei seg i augo med den høgre handa og strekte seg etter kaffikoppen med den venstre. Eg stoppa litt opp, kikka på han. Han tok seg ein slurk kaffi, drog den høgre handa gjennom det lange håret. Han rista på hovudet, tok eit stort åndedrag.

Eg rista på hovudet, og snudde meg fort rundt. Hasta av garde. Det var det som var det riktige. For meg. Akkurat då.

Ein dag skal eg gå på den kafeen igjen. Eg håpar han er der då. Det er det som hadde vore det einaste riktige.

feiring

det er bursdagen til Noreg
i morgon, som dei kallar det
desse borna
som et is og pølse
og veivar med flagget.
Og alle går rundt med klede som ikkje passar
i takt med musikken.

draum

eg drøymer
i dag
som i går
eg drøymer om dagen i går
i dag
eg gjorde det same i går

dagdraum

eg har aldri dagdrøymt
trudde eg
inntil for ei stund sidan
då eg skjønte
at alt eg tenkte var draumar

søndag 9. mai 2010

motivasjon

det er ca ikkje noko tid att
ta no dei derre bøkene fatt
les alt du har heile dagen
er du trøtt fyll opp magen

Ich bin, du bist?

Det er mykje mogeleg at eg flyttar til Tyskland eit heilt år, frå og med i sommar.

Eg har lært meg ein setning i dag: "Ich bin verliebt in dich."

Det er mykje mogeleg at eg aldri får bruk for den.
Dersom eg ikkje flyttar, altså.

Ich will Dich wiedersehen

Eg les tyske postkort på nettet medan musikken piplar ut av høgtalarane som står ved sida av datamaskina. itunes er på shuffle og songane kjem ut, hulter til bulter.

Ich will Dich wiedersehen

Eg har aldri lært meg tysk, men det liknar på noko eg forstår. Eg les høgt, prøver. Noko forstår eg, noko ikkje. Eg stammar meg framover.

Ich will Dich wiedersehen

Eg skulle lese til eksamen, eg skulle brukt tida fornuftig. Eg vel å lese tyske postkort på nettet.

Ich will Dich wiedersehen

mandag 3. mai 2010

Sundag på ein måndag

i dag har eg brukt dagen
til ingenting
eg fortener vel det
etter ei så hard helg
med festing
det er sundag
igjen

søndag 2. mai 2010

blink/skivebom

eg veit aldri
om pila treff.
dersom eg øver
treff eg nok.
då veit eg.
kanskje.

uansett
om eg kan det,
så kan det kome
eit vindkast.
eller to.

eg øver.
eg treff.

foreløpig er det vindstille.

Fest i val

festival
fest og mange val
vel kva fest eg vil
fører til
ville val

Eg ville
det valet
eg velde

Trivsel

Det er deilig
når ein trives,
men kanskje aller best
når ein har det bra.
Det er ikkje mykje som skal til
for å trivast,
heller er det meir som skal til
for å ha det bra.

I går treivst eg så mykje at eg hadde det bra.

mandag 26. april 2010

haug med ord

orda kjem
slik som dei
gjorde
for hauge
ja olav h

men eg har
ingen gul duk

du kjem
vel med
ein duk snart

men orda kjem
likevel
slik som
for olav h

du

du
gav meg
mykje men
ikkje alt
du hadde litt
du skulle fortalt

fjes+dult=ven

eg tenkjer på det som var
og tenkjer eg på det eg har
du kom, du gjekk, no er du vekk
eg har deg som ven på fjesboka,
og eg er full av skrekk

mandag 19. april 2010

Life quality update

1. Smile
2. Laugh
3. Dance
4. Read
5. Draw
6. Take a biking tour

Life is there, just add meaning.

søndag 18. april 2010

Kvit sundag

Dei kallar dagane for blå, desse dagane det ikkje står heilt bra til med kroppen. Som regel er det mandagen som er blå, men sundagar kan og vera det.

Denne sundagen er kvit. Mest fordi det snør ute.

onsdag 14. april 2010

Kven, kva, kva tid, og kvifor.

Han kjem vel rundt svingen ein gong, ein gong det passar seg slik. Rundt svingen der eg sit på stamkafeen og drikk kaffi, og les siste nyhende. Det er vel sol, og han svingar inn døra. Brisen røskar meg vel litt i håret, og han stend der og gliser, brun og fin, med solbleika hår. Han kjem vel rundt svingen der, og bestiller det same som meg. Han snur seg vel, kikkar på meg, og spør om det er ledig ved sida av meg, som om han spør om eg er ledig. Han set seg vel ned med meg og spør om kva eg heiter, og praten går så lett. Han kjem vel ein gong det passar, der verken han eller eg skal nokon plass, der me kanskje er naboar, der alt kan gå fint.

Han kjem vel rundt svingen ein gong, ein gong det passar seg slik. Kvifor han kjem, det veit eg ikkje. Men at han kjem, det er sikker på. Eg sit på stamkafeen min. Han er vel rett rundt svingen.

mandag 5. april 2010

Finfint






























Etter ein hyttetur med fantastisk tapet kom eg til besto som hadde tatt vare på aviser og bilete. Desse skattane var verdt å poste. Fra null til åtti på tretten sekund. Gotta love it!

torsdag 1. april 2010

Jazz

Jøss, tenkte eg,
eg kan teksten på jazzen,
og så nynna eg med,
sjølv om det var på samisk.

Og så følte eg meg heldig.

mandag 29. mars 2010

heimatte

dei spør meg kva utdanning eg går på.
eg svarar at eg går journalistikk.
dei spør om det er det eg vil bli.
eg svarar ja. (og veit eg vil lage film.)

Men, når eg sit på opninga av Vossa Jazz, så tenkjer eg. Jøss, tenk å åpne festivalen då. Tenk å komme der og sei, velkommen til Vossa Jazz, slik som Frode Grytten gjorde i år. Han er journalist han og.

eg tenkjer på kva utdanning eg går på.
og så tenkjer at det er kanskje det eg vil bli.
journalistar får jo lov å opne festivalar.

fredag 19. mars 2010

sjølvtillitsfilosofi i kvardagen på chat

han:
jeg veit. du hjelper veldig på selvtillitten Kari
meg:
sjølvtilitt er oppskrytt
han:
den er ny
meg:
jepp
den er det
det er ingen som har det.
alle berre latar som.
og så er det feedback frå andre som gjer at du føler deg bra.
så sjølvtillit går eigentleg berre ut på det du trur andre meiner om deg.

Magisk

Nokon ting er magiske, og nei, eg snakkar ikkje om "magic mouse", eller dei som lurer deg til å tru at dei tryllar fram ein kanin eller noko. Nei, nokon ting er magiske, augneblikka altså. Av og til vil eg eigentleg sette meg ned og grine, berre for at eg har det så utruleg bra. Denne sida er magisk: youtubemusikk .
Nyt den. Og god fredag.

søndag 14. mars 2010

godtone

Tonane stryk meg forsiktig slik at eg, utan å ville det sjølv, pressar fram eit glis utan like. Eg klarar ikkje sitje i ro. Det rykkjer i både skuldrer og rokkefoten.

Verda hadde vorre forferdeleg utan musikken, det er eg heilt sikker på, sa du.

Du er like glad i musikk som meg, kanskje endå meir til og med. Eg eig ikkje eit einaste instrument. Det gjer du, mange.

Tonane stryk meg slik at eg pressar fram eit glis. Det er du som spelar.

lørdag 13. mars 2010

Sundag på ein laurdag

Eg sit i godstolen, den frå 70-tallet. Den er grå, og litt sånn ruglete.
Den liknar den eg har heima hjå mamma, den svarte frå ikea, berre at denne ikkje er svart. Og så er den ikkje frå ikea. Ruglete er den og, den frå ikea er glatt.
Men eg sit i denne stolen no. Den er god, men eigentleg ikkje meir enn heilt ok.

Eg drikk kaffi, type presskannekaffi, av ein gulgrøn kopp med ei grøn vannrett stripe, og ei brun. Stavanger flint har helde seg bra, og det lenge. Eg har arva settet av pappa, som igjen hadde fått det av besta. Tredje generasjons servise. Hurra. Men det fungerer godt.

Eg tek opp Dag og Tid. Det er ei god avis, av typen nynorsk. Eg les ei sak, ser på bileta. Pappa har skaffa meg abonnement. Det er kult. Eg kjøper jo ikkje aviser sjølv. Og så ser eg ikkje fjernsyn.

Eg set på ein vinyl. Skurringa og knitringa har sin sjarm. Eg tek meg ein til slurk med kaffi. Eg ser ut vindauget, rett ut på rotsethornet. Det har snøa, rett og slett lava ned. Varmeovnen på rommet mitt er øydelagt, trur eg. Den er iallfall ikkje varm.

Eg sit i godstolen med knitring frå vinylspelaren i bakgrunnen. Eg drikk kaffi og les avis. Tidelibom og hutte meg tu.

tirsdag 9. mars 2010

opp, og ned

det gjekk opp
no går det ned
eg veit ikkje om
eg er klar for å gå
opp igjen

fredag 5. mars 2010

alarm

ingen kan ta livsgnisten din
den er din
det finst berre
folk som kan la den bli
større
så stor som eit bål
då må du berre passe på
så du ikkje overtenner
for då kjem brannmannen

evig

hugsar du meg
når eg ikkje er
der
spurte du
sjølvsagt svara eg
du er der
jo
alltid

lett



Av og til
er gode råd
dyre
har eg høyrt
keep it simple

kompliment

av og til
er du
ein fin liten
forbanna jævel
åh kor glad
eg er
i deg

fri som fuglen

eg sit
men vil eigentleg gå
eg sit
fordi eg føler eg må
eg sit

det er fredag og
eg sit

vil eigentleg gå

eg sit
det er så altfor mykje å nå

onsdag 24. februar 2010

fint, eller no'



av og til er det digg å vera ute
foreksempel

mandag 22. februar 2010

inn

blogg er visst
inn
og eg som trudde
at
meininga var å få ordet
ut

ahdde

Jøss, sa du
har du
A
D
HD
eller
og så fortalde du
At
Du
Ha-
Dde
ein bror som hadde det.
og ein far.
og at du mest sannsynleg ahdde det.
og så tenkte eg
jøss, har du
A
D
HD
du og?

bindestrek

binde-
streken skal binde sa-
man, men eigentleg så berre skil d-
en frå.

intern-t

internt
kan i praksis
verte aktuelt

internt offentleg?

søndag 21. februar 2010

eggeskal

du seier du har ei overflate
som eit eggeskal
eg svarar at det
er svært skjørt

og så fortel eg om mosaikk

maskin

fjernar du kjenslene til eit menneske
så får du ei maskin

me gjer alle det me må

and the world goes marching on

samtale

-eg er ein blome, seier du
-eg har plukka deg, seier eg,
og legg til at
eg skal sette deg i ein vase

men du visnar vel til slutt, du og