torsdag 17. november 2011

eksamenstid igjen

inne på ein hybel ei novembernatt
eksamenstid og for mykje å ta fatt

det er ikkje slik at ein ikkje klarar å smile
ein gliser medan ein studerer; andre får kvile

trass alt slit, trass alt strev og stress
eg klarar å sitje og tenkje jess, jess, jess

medan eg gomlar klementiner som motivering
kan tankane ta seg ein medievitskapsspasering

Hei du, veit du kva eg gjer, seier eg til spegelen på mitt bad.
Du, du er bra, flink, og god, du driv faktisk på og tar bachelorgrad.

søndag 6. november 2011

DIlemma

Kven skal eg pule,
spør ho.

Ho har for mange å velje mellom,
og eg og ei anna jente må velje for ho.

Han eine vil ha ho for mykje,
og han andre vil ha ho berre litt.

Ho vil ha han som vil ha ho minst,
og det er han me vil minst at ho skal ville ha.

Ho spør oss om råd og får svar,
me seier ho skal gå for han ho ikkje vil ha.

Ho legg seg aleine,
trur eg.

tirsdag 1. november 2011

Fråvære

- Johannes er fantastisk, seier Marianne.

Forrige månad var det Trond, månaden før det var det Kristoffer. No er det altså Johannes. Ho fortel korleis ho traff han på trening, korleis han sendte blomar til ho på døra, og korleis han hadde invitert ho ut på middag.

Eg høyrer på, nikkar no og då, seier "Neisj" og "Er det sant?" og "Oi shit" innimellom. Ho pratar som ein flokk med fuglar på flygetur på veg sørover. Tankane mine vandrar, flyr dei og, avgarde. Eg har komen heilt til Australia, forbi alle land, vekk frå planeten, då eg vert dratt ned til verkelegheita att.

- Og du då? Har du nokon på gong?

Måtte ho spørre om det? Måtte ho. Ja, det måtte ho.
Eg har ikkje noko å sei. Ho slenger ut noko som "Det kjem nok ein dag" før ho set i gang motoren att.

Og eg flyg. Tankane flyg.

Få meg vekk, få meg vekk!

Kafé

- Det er ikkje det, seier ho.
- Det er ikkje det at det ikkje går godt, det er berre det at eg veit det kunne gått betre. Ho smiler. Det ser ikkje ut som ho smiler på ekte. Ser berre ut som om ho har stifta kvar munnvike opp på kvart kinn. Ser ut som om det gjer vondt å smile. Ho sit anstrengt, rett i ryggen. Nokon ville ha antyda at ho er nervøs. Eg veit at ho er det.
- Men kva skulle gjort det betre? Eg spør, ser på ho med eit auge. Blunkar med det andre.
- Eg veit ikkje, eg veit berre det kunne gått betre. Ho ser ned. Ristar på hovudet.

Eg ser ut vindauget, ser på klokka. Telefonen hennar pip, ho får ein melding ho svarar på.

- Det er Frank? Eg spør. Ho nikkar. Ho smiler ikkje no, men anstrengt er ho. Veldig anstrengt.
- Kunne det ikkje gått betre utan Frank då? Eg seier det forsiktig. Eg går på tynn is.

Ho svarar ikkje, men skriv meldinga ferdig. Ei dame kjem bort til oss med kaker og kaffi som me har bestilt. Ho smiler. Takkar, eg og takkar. Ho tar gaffelen med dei tynne hendene sine og tek ein bit.
- Mmmm, så godt, seier ho.

Eg ser at ho meinar det, men eg veit ho kjem til å angre etterpå. Eg veit ho kjem til å angre like mykje som eg angrar på at eg spurte.

Eg sym i kaldt is-vatn. Eg er ikkje god til å symje.

fredag 19. august 2011

einsam i sin båt

du er midt på havet
utan årer,
utan segl,
utan motor,
utan vind
utan straumar,
utan meg.

du sit i ein båt kalla anger.

Kjem det nokon forbi som kan hjelpe deg i land?

puttputt

du skriv
eg er alt for deg

du seier
du angrar alt det

du ber
om å la deg prøve

du skulle vist
du skulle ikkje ha gjort
du hadde din sjanse

vegskilje

korleis klare å gå frå
når han går før du

har forklart
har prøvd
har sagt i frå

korleis klare å gå frå
når du alt står og er frågått

korleis klare å gå frå
når det ikkje er noko å gå frå