tirsdag 26. juli 2011

Tragediar og store hjarter

Det har ramma som hardast. Det har ramma unge, flotte, fantastiske menneske. Det var ei handling av ondskap. Men reaksjonen er sterkare enn ondskapen. Menneska svarer med varme, med kjærleik og omtanke. Dei held rundt kvarandre, klemmer, bryr seg. Det er ikkje sinne me ser, men sorg. Det er ikkje hat, men kjærleik. Det er mot, det er styrke, det er håp. Menneska står oppreist, med heva hovud. Dei skal kjempe videre. Dei skal kjempe for det dei trur på. Me skal inkludere, vise kjærleik, ha meir demokrati.

I slike tider vert alt anna uviktig. Ein heil nasjon har site lamslåtte framføre fjernsynet, nettet, avisa. Ein heil nasjon er i sorg. Ein heil nasjon bryr seg, ein heil nasjon vil gjere godt.

Det er i slike tider ein skjønar ein er heldig når ein kan kalle Noreg for sitt heimland. Det er i slike tider ein forstår kva som eigentleg betyr noko, at ein er takknemleg for at det òg finst godt.

Det er i slike tider ein ser kor gode menneske kan vera.

Eg skulle berre ynskje ein ikkje trengte så mykje vondt for å forstå at ein må vera god.