søndag 20. juni 2010

elsker, elsker ikkje

eg vil fortelje han
at eg tenkjer
på han, at eg
plukkar prestekragar,
og tenkjer
på han, det blei
elsker

onsdag 16. juni 2010

total fridom, iallfall nesten

du kan reise kvar du vil
du har tid til det du vel
du har alle mogelegheitar
viss du har råd

rett og riktig (eller var det rimeleg)

Det er riktig. Det veit ho. Innerst inne. Ho berre veit ikkje om han veit.

Han seier det aldri direkte. Han ER berre veldig direkte, til tider. Direkte avvisande.

Og. Det er ikkje lett å tolke. Det er ikkje lurt å tolke.

Ho veit ikkje om han syns det er riktig.

Men så har det aldri vore naudsynt å ha heilt rett heller for å stå på ein eksamen då.

mandag 14. juni 2010

eit dikt eg fann (og kasta)

eg hadde skriveverkstad her ein gong i haust.
ut av den kom det ein tekst. den postar eg her.

Veit du kva?
Eg får sjå det ingen andre får sjå.
Nar du skiftar,
når du er åleine på rommet,
eller når de er to.
Då er eg der òg,
i vinduet, kikkar på deg.
I trekken er eg,
rett opp og ned,
eg vinkar til deg.
Du ser det ikkje,
legg ikkje merke til meg.
Eg er liksom usynleg,
har nok vore her for lenge.
Eg er her om morgonen òg,
prøver så godt eg kan å ikkje vekke deg.
Lyset trenger igjennom, du vaknar likevel.
Eg vil du skal sova, vera her.
Når du er borte saknar eg deg.
Eg heng jo her, heile dagen, heile tida.
Ventar på å komme til nytte,
for deg.
Eg gruar meg til jul,
for då kjem julegardinene opp.

svikta (på sundagen)

eg skreiv ikkje i går (på sundag)
ja, eg svikta i går (på sundag)
men ikkje heilt, for eg sat (på sundagen)
framføre skjermen (fordi det var sundag?)

eg skreiv, tok vekk, og prøvde att,
men eg svikta viljen og la meg att.

endre det ytre

av og til
er det å endre
det ytre det
som skal til
for at det indre
skal få det bra

i det minste ser det ut
som om det heile er
bra, iallfall
på det ytre

torsdag 10. juni 2010

Draum om Island?

Eg hadde ein draum om ein vulkan. Det kom lava opp av den.

Og det var ei gammel dame der, som sa at det var historisk at det var eit vulkanutbrudd på så lav høgde. Ho sa det burde vore skrive i bøkene, og ho sa det svakt. Dei andre såg på lavaen, og eg kunne sjå konturane av dei, som skuggar mot det raudglødande.

Dama med det rynkete ansiktet var fortsatt oppteken av at dei som kom etter skulle få lese om vulkanutbrot, på lav høgde, i bøkene. Eg trur ho hadde vore lærar.

tirsdag 8. juni 2010

naboar

Nokon gongar syng han høgt for seg sjølv. Ikkje i dusjen slik som mange andre gjer. Han syng mest for seg sjølv, på rommet, der han trur ingen høyrer.

Eg bur i etasjen over. Eg høyrer han kvar dag.


Ein dag skal eg syngje med.

tanketur

Ho hadde site der i ein halvtime, heilt i ro, og berre tenkt. Augo stirte ut i lufta, og handa dekte munnen, som om ho var i sjokk, noko ho kanskje var. Det heile hadde gått fort, som i eit racerbil-løp. I sånne løp er det lett å krasje, men som regel er sjåførane proffe, så det går bra. Som regel, men jo, ting hadde gått litt fort, og no sat ho heilt i ro og tenkte. Kroppen bevega seg ikkje i det heile, men den vart forflytta likevel. Ho sat på toget, og tenkte, som om ho var i sjokk.

Det var mange i togvogna, og ho kjente ingen. Ho sat og tenkte, som om ho var i sjokk, og ingen spurte om det gjekk bra med ho.