tirsdag 22. februar 2011

Kjærleik

I alle dagar. Kva er eigentleg kjærleiken.

I dag finn folk han både to, tre og fire gonger. Dei finn han på nett, på fest, eller på kafé. Nokon finn han i ein hobby, andre i ein hund, dei fleste i ein person. Andre finn han ikkje, rett og slett fordi dei leitar for mykje, fordi dei ikkje forstår at han er rett framføre dei. Andre leitar ikkje i det heile teke. Dei berre snublar oppi han, blir limt saman med han som ein magnet, og det før dei veit ordet av det.

Andre vil ikkje ha han, andre berre gir han vekk, og nokre meiner det ikkje er vits i han.. og at jobb er viktigare. For nokre er det nettopp han som held dei oppe, som får dei til å vakne opp kvar dag.. Og nokre forsøv seg i vekesvis fordi dei har mista han.

Han er der ute, det veit alle. Alle kjenner det, om dei så seier dei klarar seg utan, så veit dei at det er _noko_ dei manglar. Alle veit det. Han er der ute, og han må takast vare på. For han kan knuse hjarter, øydelegge sjølvtillittar, og fucke up hovud. Men mest av alt ordnar han opp, gjer ting betre. Han er god, skjønar du, og han fins. Du ser han berre ikkje, men du veit han er der. Og han er det.

Det er ikkje alle som ser han. Nokon blir blind på grunn av han, og nokon ser alt klarare på grunn av han. For dei fleste er han naudsynt. Men det er òg naudsynt å ta vare på han, å gi han næring til å vekse og leve vidare. For han kan minke, og til slutt kan han bli så liten at ein ikkje merkar han meir, så liten at ein mistar han.

Ein må ta vare på han, men å ta på han kan ein ikkje. Men han får ein ofte til å ta på. Han er viktig, og han gjer mange komplett, men mest av alt må ein væra komplett for å klare å ta han i mot, og endå meir komplett for å gi han vekk.

Kjærleiken er der. Du kan ikkje vite om du har funne den som er riktig for deg. Men du må ta han med i prøverommet, kjenne han på kroppen, sjå han i spegelen saman med deg. Du må finne ut om det verdt den prisen som er klistra på. Om du har råd til å gi det det kostar.

Som oftast er det verdt det, å gi alt, til og med deg sjølv, heile deg. For han er kanskje det beste som kjem til å hende deg. Sats litt, du må tørre å tape, om du så skal miste heile deg. For du må gi for å få, og dersom du gir han deg sjølv, så får du deg sjølv tilbake, kanskje i renter.

Han er der, om du så har han med deg eller ikkje. Han er der. Han har vore der, eller han ventar på deg. Han kan gi deg eit fantastisk eventyr. Men du må være villig, villig til å sjå, føle, kjenne etter, forstå, høyre etter. Du må vera villig til å ta imot, til å gi. Du må vera villig til dele deg sjølv med han. For han gir ingenting om ikkje du vil det sjølv. Ser du han no? Ser du han klarare? Viss ja, bra for deg. Viss nei, sjå betre etter. Du finn han nok. Han er der skjønar du. Du må berre dyrke han.

onsdag 16. februar 2011

sjans i havet

eg gir deg
ein sjans
i havet
til å ro deg i land

du må ro
ganske lenge
for å komma til mi strand

eg kan gi deg
motvind eller bytte årer med segl
eg kunne hjelpt deg å ro
men eg ventar, og sola skin

lørdag 12. februar 2011

huskedikt

eg har ein rosa huskelapp
på spegelen som eg skreiv
når eg ikkje trengte den

no ser eg den og kjem på
minner som eg helst gløymer
eg lar lappen henge likevel

--------------------------

I have a pink post-it note
on the mirror that I wrote
when I didn't need it at all

now I see it and remember yet
memories that I rather forget
I let the note hang anyways

onsdag 9. februar 2011

Spørsmålsteikn

with
him?
I
am
alone.

Ho hadde sett punktum.

Eller?

cmd+z

riv biletet i to
slik som med meg
la det bli to delar

prøv å lime det saman
prøv så med meg
la det bli ein del

sjå på det no
er eg heil?
du ser endå stripa

bruk magi, bruk løfter
eg kjenner etter
du er ingen magiker