lørdag 22. mai 2010

Lese/skrive-vanskar

Eg har vanskar med å lese
til eksamen.
Eg prøver å skrive noko
for å ha pause,
men merkar at eg får sperre
der og,
så eg tek ein pause
med å lese
til eksamen.

søndag 16. mai 2010

Skue

Ho sit i graset. Har på seg ein litt gjennomsiktig kjole, ein gul ein ho fann på loftet til mormora. Ho elskar å leite mellom alle desse gamle tinga. Ho elskar å finne skattar. Kjolen er ingen skatt, men ho likar den, for den passar akkurat ikkje. Den er berre akkurat litt for stor. Skattar kan vera mykje rart. Kjolen er ingen skatt, men ein gong fann ho ein snurrebass på eit loppemarked. Den var tyrkis med gule prikkar, og når ho snurra den så vart det grøne striper over heile. Ho kjøpte den aldri. Men den var fin. Der og då var den fin. Der og då var det ein skatt.

Graset stikk opp mellom dei bare føtene hennar. Ho sit heilt i ro, og skuar. Ho skuar utover, bortover, nedover. Ho ser og ser. Det er sommar, og varmt ute. Inne i husa er det skugge og det er som regel godt å komme inn etter ein lang dag ute i sterkt lys og varm luft. Ho likar seg best ute.

Ein katt kjem bort og set seg ved sida av henne, stryk seg mot handa hennar. Ho gjer ingenting. Det er berre katten som stryk. Han mel og. Til slutt vert han lei og legg seg ned i graset, kikkar opp på jenta. Ho skuar.

Fuglane kvitrar og jenta sit i graset. Dagen er varm og snart må ho inn i huset.

Riktig

Eg fortalte han alt. At eg hadde tenkt mykje på det. At eg no hadde bestemt meg. Eg fortalte han det. Han høyrde på. Eg snakka om kor viktig akkurat dette var for meg, og at det var det einaste riktige akkurat no, for meg. Han nikka og såg ut som han forsto. Eg snakka lenge, fekk våte augo, og prata vidare. Eg fortalte han alt. Det var det som var det riktige.

Eg gjekk frå han der. Han nikka og smilte. Rett før eg runda hjørnet, tok eg eit blikk over skuldra og inn ruta på kafeen. Han gnei seg i augo med den høgre handa og strekte seg etter kaffikoppen med den venstre. Eg stoppa litt opp, kikka på han. Han tok seg ein slurk kaffi, drog den høgre handa gjennom det lange håret. Han rista på hovudet, tok eit stort åndedrag.

Eg rista på hovudet, og snudde meg fort rundt. Hasta av garde. Det var det som var det riktige. For meg. Akkurat då.

Ein dag skal eg gå på den kafeen igjen. Eg håpar han er der då. Det er det som hadde vore det einaste riktige.

feiring

det er bursdagen til Noreg
i morgon, som dei kallar det
desse borna
som et is og pølse
og veivar med flagget.
Og alle går rundt med klede som ikkje passar
i takt med musikken.

draum

eg drøymer
i dag
som i går
eg drøymer om dagen i går
i dag
eg gjorde det same i går

dagdraum

eg har aldri dagdrøymt
trudde eg
inntil for ei stund sidan
då eg skjønte
at alt eg tenkte var draumar

søndag 9. mai 2010

motivasjon

det er ca ikkje noko tid att
ta no dei derre bøkene fatt
les alt du har heile dagen
er du trøtt fyll opp magen

Ich bin, du bist?

Det er mykje mogeleg at eg flyttar til Tyskland eit heilt år, frå og med i sommar.

Eg har lært meg ein setning i dag: "Ich bin verliebt in dich."

Det er mykje mogeleg at eg aldri får bruk for den.
Dersom eg ikkje flyttar, altså.

Ich will Dich wiedersehen

Eg les tyske postkort på nettet medan musikken piplar ut av høgtalarane som står ved sida av datamaskina. itunes er på shuffle og songane kjem ut, hulter til bulter.

Ich will Dich wiedersehen

Eg har aldri lært meg tysk, men det liknar på noko eg forstår. Eg les høgt, prøver. Noko forstår eg, noko ikkje. Eg stammar meg framover.

Ich will Dich wiedersehen

Eg skulle lese til eksamen, eg skulle brukt tida fornuftig. Eg vel å lese tyske postkort på nettet.

Ich will Dich wiedersehen

mandag 3. mai 2010

Sundag på ein måndag

i dag har eg brukt dagen
til ingenting
eg fortener vel det
etter ei så hard helg
med festing
det er sundag
igjen

søndag 2. mai 2010

blink/skivebom

eg veit aldri
om pila treff.
dersom eg øver
treff eg nok.
då veit eg.
kanskje.

uansett
om eg kan det,
så kan det kome
eit vindkast.
eller to.

eg øver.
eg treff.

foreløpig er det vindstille.

Fest i val

festival
fest og mange val
vel kva fest eg vil
fører til
ville val

Eg ville
det valet
eg velde

Trivsel

Det er deilig
når ein trives,
men kanskje aller best
når ein har det bra.
Det er ikkje mykje som skal til
for å trivast,
heller er det meir som skal til
for å ha det bra.

I går treivst eg så mykje at eg hadde det bra.