onsdag 14. april 2010

Kven, kva, kva tid, og kvifor.

Han kjem vel rundt svingen ein gong, ein gong det passar seg slik. Rundt svingen der eg sit på stamkafeen og drikk kaffi, og les siste nyhende. Det er vel sol, og han svingar inn døra. Brisen røskar meg vel litt i håret, og han stend der og gliser, brun og fin, med solbleika hår. Han kjem vel rundt svingen der, og bestiller det same som meg. Han snur seg vel, kikkar på meg, og spør om det er ledig ved sida av meg, som om han spør om eg er ledig. Han set seg vel ned med meg og spør om kva eg heiter, og praten går så lett. Han kjem vel ein gong det passar, der verken han eller eg skal nokon plass, der me kanskje er naboar, der alt kan gå fint.

Han kjem vel rundt svingen ein gong, ein gong det passar seg slik. Kvifor han kjem, det veit eg ikkje. Men at han kjem, det er sikker på. Eg sit på stamkafeen min. Han er vel rett rundt svingen.

1 kommentar: