Eg les tyske postkort på nettet medan musikken piplar ut av høgtalarane som står ved sida av datamaskina. itunes er på shuffle og songane kjem ut, hulter til bulter.
Ich will Dich wiedersehen
Eg har aldri lært meg tysk, men det liknar på noko eg forstår. Eg les høgt, prøver. Noko forstår eg, noko ikkje. Eg stammar meg framover.
Ich will Dich wiedersehen
Eg skulle lese til eksamen, eg skulle brukt tida fornuftig. Eg vel å lese tyske postkort på nettet.
Ich will Dich wiedersehen
tysk er viktig, kari. og ikkje minst gøy. særleg tysk popmusikk.
SvarSlettmen viss du stikker sørover, har du med å starte eit giftig eføy-coverband. die giftiger efeu. trur det hadde slått an.
die giftiger efeu blir bra. kan du oversette sommerfuggel i vinterland, så er alt i boks. :)
SvarSlett